tirsdag 8. september 2009

Ein forelska valross

Vi hørte akkurat ei forteljing om kjærleikens massive kreftar. To menneskjer i eit relativt merkeleg forhold. Eit tema som blir tatt opp titt og ofte er det å være feit. Hovudpersonen som er omtalt som ”Prinsessa frå Burundi” går opp og ned i vekt, men ho er vanlegvis feit. Ein mann frå Aust-Europa forelskar seg i denne kvinna og gjør seg fet for og vinna hennar. Denne historia er vel nok eit bevis på korleis kjærleik kan få oss til å gjere dei raraste ting. Eg synas det var ein godt skrevet forteljing med flotte skildringar.
Nå som eg sitt her og skriv ny-norsk blir eg litt lei av og måtte slå opp heile tida. Eg veit korleis eg bøyar dei forskjellige substantiv typane, men eg må slå opp for å sjå om kvart ord er hokjønn eller hankjønn. Nokke anna eg strevar litt med er at når eg skriv ny-norsk så prøver å være så oppmerksam på skrivefeil så det blir litt vanskeleg å skrive ”flytande” viss det går an å si det. Eg stopper opp heile tida og da tar det litt tid.